top of page

Alle trykk kan du enten få på Hahnemüle akvarellpapir eller på lerret oppspent på blindramme i tre. Fargane blir litt djupare og med enno vakrare spel på det heilt matte akvarellpapiret enn på lerret, men om bildet skal hengja ein plass det bør ha glass framfor seg (pga fare for sprut og skit) går vinninga opp i spinninga og trykk på lerret er å føretrekka. I større storleikar er trykk på lerret best. Personleg pleier me å velja akvarellpapir der det går an, og me likar å ikkje ha glas framfor. 

Gicléetrykka blir laga med arkivbestandig blekk i 10-fargar på syrefritt Hahnenmühle Fine Art akvarellpapir eller på OEKO-TEX®-sertifisert bomullslerret med ei lett strukturert overflate. Blekket og mediet har ein garantert arkivbestandighet i 100 år innandørs.

Bestillinga blir vidaresendt trykkeriet, som sender kunstverket direkte til deg. Du må rekna med at det tar ca. 2 veker før du får levert bestillinga di. Hastar det? Ta kontakt så har me kanskje noko på lager som passar eller me kan trykka sjølv på akvarellpapir opp til 120x42,5cm.

 

Du kan få trykket ditt levert ferdig innramma i kvalitetsrammer i ulike fargar. Her i nettbutikken kan du velja mellom svart og eik. Det fins og andre fargar og dimensjonar, og du kan også få trykk på akvarellpapir innramma med passepartout, men du må då kontakta oss direkte på linalyngset@hotmail.com. 

Gje slepp!

kr 1 125,00Pris
  • Du kan velja å få trykket ferdig innramma. For trykk på akvarellpapir kan du velja mellom matt svart (20mm breid og 30 mm djup) og lys eik (18mm breid og 28 mm djup). Du kan og velja å setja bildet i ramme sjølv, det finst mange fine og rimelige ferdige rammer å få kjøpt i butikkar. (Pass då på å velja ein av standardstorleikane; 30x40 cm, 50x70 cm eller 70x100 cm)  For trykk på lerret kan du velja mellom matt svart (20mm breid og 35 mm djup) og eik (10mm breid og 40mm djup). Trykk på lerret går det og an å hengja rett på veggen uten ramme, då dei kjem ferdig oppspente på blindramme. 

bottom of page